Hylla etter historisk hat trick: – Dette er ikkje normalt

📌 Diğer 📰 Norway 🕐 4 saat önce
Hylla etter historisk hat trick: – Dette er ikkje normalt

Eit nytt meisterskap for Lionel Messi og igjen er det lite folk kan gjere for å stogge han. No har han scora flest i VM.

Eit nytt meisterskap for Lionel Messi og igjen er det lite folk kan gjere for å stogge han. No har han scora flest i VM.

Lionel Messi opna VM med å score tre mål. Med det tangerte han også Miroslav Klose som den mestscorande i VM-historia.

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp tok i bruk store ord i natt.

Det var nemleg duka for Argentina sin første kamp i VM, då dei møtte Algerie i gruppe J.

Allereie då kampen blåste i gang vart han historisk, som den første spelaren som har spelt i seks verdsmeisterskap.

Etter eit kvarter fekk Messi motta ballen utan press, 30 meter frå mål.

Han vende raskt og sprang mot mål med korte touch. Frå 18 meter fyrte han av ei kule, og den suste i nettet til venstre for keeper.

– Lionel Messi, da. For dei som lurte på om han var ferdig, dei kan ta seg ein bolle. For ein spelar. At vi kan oppleve han enda ein gang på denne scena, ein kan berre vere takksam. Dette er ikkje normalt, sa NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Etter ein times tid prøvde Mac Allister seg på eit langskot. På returen dukka Messi opp og sette inn sitt andre mål for kampen.

Og etter 75 minutt la han ballen fint til rette for seg sjølv på kanten av 16-meteren og prikka den ned i hjørnet. Hat trick for Lionel Messi.

Etter den første scoringa var det ein tydeleg tårevåt Messi som tok drakta til ansiktet.

TÅRER: Messi måtte tørke tårer etter sin første scoring i kampen.

Etter kampslutt kunne Messi svare at det ikkje hadde noko med målet å gjere.

– Eg har hatt nokre tøffe dagar, sa Messi ifølge journalisten Fabrizio Romano.

– Eg er takksam ovanfor heile delegasjonen, til lagkameratane mine. Dei har lagt ned mykje innsats for at eg skal ha det bra.

– Det er berre ein følelse av at ein er heldig. Ein ting er å sitte å sjå det og formidle det, men å oppleve det enda ein gang. Det er utanomjordisk, sa Torp om Messi sin prestasjon.

– Eg ser jo klipp, og eg ser at han har det jo framleis. Den genialiteten, den touchen, det blikket, og ein høyrer medspelarane som blir intervjua seier at han er ein spelar som dei føler ser ting før alle andre.

HELDIG: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp føler seg heldig som får oppleve nok eit meisterskap med Messi.

Dette var hans 14., 15. og 16. VM-scoring i sin kamp nummer 200 på landslaget. Hans første hat trick i VM.

– Wow, Messi! Hans første hat trick nokon gong i eit VM. Og no deler han offisielt rekorden for flest VM-mål, skriv Rio Ferdinands på X.

Messi tangerte tyske Miroslav Klose, som før hadde målrekorden aleine i VM-samanheng.

Erling Braut Haaland scora to mål mot Irak, berre timar før Argentina sin kamp.

📌 Kaynak

Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
📱
News AI World — Mobil uygulama
Bu haberleri 45 dilde, anlık çeviriyle cebinde. Erken erişim için Gmail adresini bırak.
← Tüm haberlere dön