Slik gjekk fyrste natt med norsk VM-skjenking: – Ikkje noko bråk

📌 Diğer 📰 Norway 🕐 3 saat önce
Slik gjekk fyrste natt med norsk VM-skjenking: – Ikkje noko bråk

Det var full folkefest fleire stadar i natt. Trass mykje uro knytt til utvida skjenking ser natta ut til å ha gått over all forventing.

Det var full folkefest fleire stadar i natt. Trass mykje uro knytt til utvida skjenking ser natta ut til å ha gått over all forventing.

DAGEN ETTER: Morgon etter den store natta har securitas-vakta ein god ryddejobb med å rydde 3000 norske papirflagg.

No er han i full sving med å rydde opp etter gårsdagens moro.

3000 norske papirflagg vart delt ut i fotballteltet tysdag kveld.

– Ja, det er jo litt tungt å sjå. Norske flagg som går i bosset. Men dei var ferdige, seier prosjektleiar Andre Hellesøy.

– Det var veldig gøy å ha dei i går. Det var som eit gigantisk 17. mai-tog som stod i ro i tre timar.

Stemninga stod i taket på Trekanttomta i Bergen då Haaland skåra det første målet i VM-kampen mot Irak.

Det har vore stor spenning knytt til VM-nettene etter Stortinget utvida skjenketidene.

– Vi har ingen registrerte tilfelle av noko bråk. Det var sjølvsagt nokre som blei leia ut fordi dei hadde det litt for gøy. Men Securitas melder om null hendingar, seier Hellesøy.

– Det einaste er to-tre stadar der ungdommar har spelt fotball til forstyrring for naboane, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen for politipatruljen i Bergen sentrum.

Politiet i Bergen hadde ingen ordensforstyrringar i natt, seier seksjonsleiar Ole Bjørn Sveen for politipatrulje i Bergen sentrum.

Rundt klokka to kunne heile landet juble for ein 4-1-siger mot Irak i den første norske VM-kampen på 28 år.

At kampen starta midnatt og at det var ein vekedag trur han bidrog til at natta gjekk bra.

– Det var mykje folk, og veldig god stemning. Og folk reiste heim etter kampslutt.

Securitas-vakt Allan Blaha sørgar for at alt er klart til ein ny dag med VM-moro.

I Oslo melder politiet om ei litt travlare natt enn vanleg, men ikkje nokre store utfordringar. Også i Trøndelag har natta gått fint føre seg.

Politiet i Møre og Romsdal hadde ingen hendingar knytt til fotballfesten.

– Folk har stort sett oppført seg, så det er positivt, seier operasjonsleiar Jan Arild Austnes

Simon Meek og Matias Scheide Sannes så VM-kampen frå byfjellet Nesaksla i Åndalsnes.

Det har vore fleire diskusjonar knytt til utvida skjenking under VM, der det har blitt uttrykt bekymring for overdrive alkoholinntak og bråk.

Då NRK i slutten av mai undersøkte kva kommunar som utvida skjenketidene sine under VM, svarte 269 kommunar.

137 kommunar sa ja, men skjenkestadane måtte framleis søke om å få utvida tider. 42 kommunar svarte at dei ennå ikkje hadde tatt ei avgjersle.

Sjå oversikt om kven som sa ja og nei til utvida skjenketid.

Nokre kommunar svarer at dei utvidar frå 02.00 til 03.00 og andre utvidar til klokka 06.

📌 Kaynak

Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
📱
News AI World — Mobil uygulama
Bu haberleri 45 dilde, anlık çeviriyle cebinde. Erken erişim için Gmail adresini bırak.
← Tüm haberlere dön