Historisk dom i Høgsterett: Staten tapte i Førdefjord-saka
Høgsterett slår fast at staten gjorde feil då han tillèt å tømme gruvemassar i Førdefjorden.
Høgsterett slår fast at staten gjorde feil då han tillèt å tømme gruvemassar i Førdefjorden.
FØRDEFJORDEN: Fjorden har vore ramma for ein av dei lengste miljøstridane i norsk historie. Etter dagens avgjerd i Høgsterett er staten sitt ja til gruvedumping kjend ugyldig
Miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har vunne fram i Høgsterett.
Landets øvste domstol konkluderte i dag med at staten sitt ja til gruvedumping i Førdefjorden er ugyldig.
Dommen set eit juridisk punktum for den atten år lange striden, men gruvedumpinga stansar likevel ikkje med det same.
No går saka tilbake til departementet. Der må forvaltninga vurdere alt på nytt, og denne gongen følgje Høgsteretts tolking av regelverket.
– Mange tenker at ein siger i domstolane automatisk får praktiske konsekvensar, men det er ikkje nødvendigvis tilfellet i saker der staten taper, sa Øyvind Stiansen ved Institutt for statsvitskap til NRK i fjor.
Han viste til Fosen-dommen som eit konkret eksempel på at det kan ta tid frå eit vedtak blir kjent ugyldig til det får reelle følgjer på bakken.
Høgsterett konkluderte med at statens vedtak om utsleppsløyve og driftskonsesjon til gruvedrift og sjødeponering i Førdefjorden er ugyldige. Statens anke vart forkasta, då tillatingane bryt med forringingsforbodet i den norske vassforskrifta og EUs vassdirektiv. Staten og partshjelparane frå industrien (Engebø Rutile and Garnet AS og Norsk Industri) vart dømde til å betale dei totale sakskostnadene til miljøorganisasjonane Natur og Ungdom og Noregs Naturvernforbund.
Det sentrale stridsspørsmålet var om planane om å deponere 26,5 millionar tonn gruveavfall i ytre Førdefjord – noko som vil utslette botnfaunaen i området – kunne rettferdiggjerast gjennom unntaksregelen om at inngrepet tener «tvingande allmenne omsyn».
Økonomi, sysselsetjing og busetjing: I 2016-vedtaket vart det lagt avgjerande vekt på økonomiske inntekter til samfunnet og aksjonærar, samt lokal sysselsetjing og busetjing. Basert på ein tolkingsfråsegn frå EFTA-domstolen, slo Høgsterett fast at ordinære økonomiske effektar, som skatteinntekter og arbeidsplassar, ikkje i seg sjølv er tilstrekkeleg til å utgjere eit tvingande allment omsyn. For at slike omsyn skal kunne forsvare miljøskaden, krevst det spesielle utfordringar som til dømes betydeleg fråflytting og sosial naud i regionen. Retten fann at Førdefjord-regionen og Sunnfjord kommune tvert imot har stabil befolkningsutvikling, relativt låg arbeidsløyse og eit relativt høgt inntektsnivå.
Forsyningssikring for kritiske mineral: Staten argumenterte i retten for at utvinni
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →