Superstjerna ristar på hovudet av overskriftene: – Har ikkje peiling

📌 Diğer 📰 Norway 🕐 2 saat önce
Superstjerna ristar på hovudet av overskriftene: – Har ikkje peiling

To av Englands største stjerner slår knallhardt tilbake mot fleire medieoppslag før Englands VM-start.

To av Englands største stjerner slår knallhardt tilbake mot fleire medieoppslag før Englands VM-start.

SAMAN: Jordan Henderson (til venstre) og Jude Bellingham avbilda under VM i Qatar i 2022.

– Han er den beste fyren eg har møtt i fotballen, seier Morgan Rogers.

– Og han er kanskje den beste leiaren, seier superstjerna Jude Bellingham.

Dei snakkar begge om Jordan Henderson, som noko overraskande er ein del av den engelske landslagstroppen.

Midtbanespelaren er 35 år gammal, og har berre spelt tre heile kampar for Brentford i år. Mange rynka på nasen da han snappa ein plass i VM-troppen framfor andre store stjerner.

IKKJE MED: Real Madrids Trent Alexander-Arnold er ikkje med i VM-troppen.

IKKJE MED: Manchester Uniteds Harry Maguire må sjå VM frå sofaen.

IKKJE MED: Cole Palmer hamna ute i kulda då det gjaldt som mest.

IKKJE MED: Fleire meiner supertalentet Crystal Palace-spelar Adam Wharton hadde fortent ein plass i VM-troppen.

IKKJE MED: Jarrod Bowen spelte for England i mars, men har sidan både rykka ned frå Premier League og VM-troppen.

– Dei har ikkje peiling på kva dei snakkar om, seier Jude Bellingham og ristar på hovudet.

Sidan troppen blei presentert i mai har fotballekspertar og engelske tilhengarar klødd seg i hovudet over fleire av vala til landslagssjef Thomas Tuchel.

Nettstaden The Athletic har faktisk laga ei eiga sak der spørsmålet blir analysert: Kvifor tar England med Jordan Henderson til VM?

– Pressa har prøvd å skape eit narrativ med «kvifor er han her?» og «korleis har han komme seg hit?» Men for oss på laget er han den første som skal med, seier Jude Bellingham.

STORE STJERNER: Jordan Henderson (i midten) saman med Harry Kane og Jude Bellingham. Til venstre er Morgan Rogers.

– Veldig mange er opptatte av dei som ikkje er her. Dessverre er det sånn med England; vi har så mange gode spelarar. Men denne troppen er her av ein grunn, og vi skal vere gode både som individ og som lag, seier Jordan Henderson til pressa før VM.

Bellingham og Rogers uttaler seg i ein video publisert av Det engelske fotballandslaget på YouTube. Duoen gjestar programmet «Lions’ Den». Der nyttar dei høvet til å rose Henderson opp i skyene.

– Om du hadde spurt alle i troppen kven dei vil ha med, så ville alle hatt han på topp fem-lista si, slår Rogers fast.

Thomas Tuchel er Englands landslagssjef, og sa følgande da han presenterte VM-troppen:

– Det handlar ikkje nødvendigvis om å ta ut dei beste spelarane, men det beste laget.

Tuchel meinte at det inneber at spelarane kjenner rolla si, men han erkjente at det var eit tøft uttak der han måtte vra

📌 Kaynak

Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
📱
News AI World — Mobil uygulama
Bu haberleri 45 dilde, anlık çeviriyle cebinde. Erken erişim için Gmail adresini bırak.
← Tüm haberlere dön