Khartoums dødelege familiepark blir rydda
Mange i Sudan har barndomsminne frå familieparken som under krigen er gjort om til eit minefelt. NRK besøkte parken som blir prioritert i den omfattande mineryddingsjobben som er i gang.
Mange i Sudan har barndomsminne frå familieparken som under krigen er gjort om til eit minefelt. NRK besøkte parken som blir prioritert i den omfattande mineryddingsjobben som er i gang.
Det høge graset rundt karusellane i Khartoums mest populære park kan skjule dødelege farar.
Det er tidleg på morgonen, men mineryddarane er likevel snart ferdige med første skift. For sola steiker såpass hardt i nakken at sjølv fullblods sudanarar må ta seg lang pause midt på dagen.
Dei er kledde i blå vernedrakter og har eit tjukt pleksiglas hengande framfor ansiktet. Centimeter for centimeter kryp dei seg framover på knea.
Sjølv om arbeidet held på i skuggen er det likevel 44 varmegrader. Innanfor vernedrakta er det endå varmare.
Hussein Ismail Salam er leiar i ei av mineryddingsgruppene i Khartoum og viser NRK rundt.
– Nokre stader må me gå sakte fram, og det trengst fleire tryggingstiltak. Eg kan gjette på at heile jobben vil ta meir enn ti år.
– Ja, me må sette tryggleiken først. Dei som leiter må vere trygge, og dei må gjere det grundig. Fordi me gjer det for folket.
Ein iskiosk viser spor av kvardag. Ein øydelagd mur viser spor av krig.
Parken ligg der Nilens to løp møtest, og gjennom parken går det ein promenade nedover langs elva.
Fareskilta står overalt, og viser at den høge og gjengrodde vegetasjonen rundt karusellane kan vere farleg.
Mineryddarane som er i akkurat denne parken har fått unnagjort ein del, og håper at dei er ferdige og klare for andre oppdrag ved utgangen av juni.
Målet er at barn, småbarnsforeldre og unge nyforelska par snart kan legge turen hit igjen. Slik det var før krigen.
Mineryddinga er godt i gang. Familieparken langs Nilen har vore ein prioritet i arbeidet med minerydding.
Me er i ein overgrodd fornøyelsespark som ligg ved punktet der «Den blå nil» og «Den kvite nil» møtest og endrar namn til «Nilen».
Al Mogran er kjent som ein grøn og hyggeleg park for småbarnsfamiliar. Dei fleste i Khartoum har eit forhold til denne staden. No er denne oasen omgjort til eit minefelt.
– Eg hugsar då me var barn, så kom me hit for å leike, seier Salam, og dei fleste rundt han gir uttrykk for at dei har dei same minna.
Eit uttørka svømmebasseng og ein karusell vitnar om betre tider.
Mange av Khartoums folk har vore her for å kjøpe brus i det som no er ein utbrent kiosk, dei har bada i det knusktørre bassenget og blitt småkvalm i den rustne karusellen.
Eller dei har vore her som ungdom og lytta til musikarar oppå scenen med det øydelagde golvet, eller dei har ete middag i solnedgangen på den gjengrodde restauranten.
– Borna mine spør
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →