Rutetidene på hurtigbåten blei som frykta – Jan tør ikkje flytte til det nybygde huset sitt

📌 Diğer 📰 Norway 🕐 5 saat önce
Rutetidene på hurtigbåten blei som frykta – Jan tør ikkje flytte til det nybygde huset sitt

Nye rutetider for hurtigbåten gjer at fleire av dei 12 fastbuande på øya kjenner seg trua til å flytte. Jan Huse har nettopp bygd hus, men tør ikkje flytte inn.

Nye rutetider for hurtigbåten gjer at fleire av dei 12 fastbuande på øya kjenner seg trua til å flytte. Jan Huse har nettopp bygd hus, men tør ikkje flytte inn.

Jan Huse har sjølv teikna huset som han og kona har bygd på Store Kalvøy. Dei hadde tenkt å flytte inn, men trur ikkje det er mogleg å bu på øya lenger.

Dei 12 øybuarane på Store Hamnsund på Sunnmøre er heilt avhengige av hurtigbåt for å kome seg inn til byen Ålesund på arbeid og fritidssyslar.

I dag blei det nye rutetilbodet kjent, og fleire avgangar på kveld og helg er kutta heilt.

– Det er veldig dårleg. Her går det jo ikkje an å bu, seier Jan Huse (60).

Han fortalde nyleg til NRK at han har bygd eit designhus til mange millionar saman med kona, men ikkje tør å flytte inn i det store huset.

Frykta er at dei ikkje kjem seg til fastlandet og heim igjen når dei treng.

Huset kosta 6 millionar kroner, men mykje meir dersom ein reknar med all eigeninnsatsen gjennom fire år

Familien har bygd det meste av huset sjølv på kveldstid og helger

Det er pengemangel som fører til at fleire turar til hurtigbåten blir kutta.

Fylkeskommunen skal spare pengar, og har vist til at det er få passasjerar på mange av avgangane.

Onsdag ettermiddag blei det kjent at selskapet Cruise Service AS er tildelt kontrakten, og dei nye rutetidene gjeld frå årsskiftet.

I ei pressemelding skriv Møre og Romsdal fylkeskommune at dei no har sikra «eit stabilt og brukarvennleg tilbod».

Det er ikkje leiaren i velforeininga, Robin Stamnes Thorholm einig i.

– Det er som vi frykta. Dette blir starten på slutten på Kalvøya. Slik som det er lagt opp no er det ikkje mogleg å ha eit normalt liv der ute og ha ein kommunikasjon inn mot fastlandet, seier han.

Det tar 15-20 minutt med hurtigbåt frå Ålesund til Store Kalvøy

Jan Huse, Karl Johan Skårbrevik og Robin Stamnes Thorholm bur alle på Store Kalvøy

Det er 12 fastbuande på øya og no mobiliserer dei for å unngå rutekutt

Geir Wingaard-Olsen er rådgjevar hos Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han er godt kjent med at folket på Store Kalvøy er skuffa over avgjerda.

– Ut frå folketalet synest eg det er eit rimeleg greitt tilbod, men ut frå det tilbodet dei har hatt, så skjønar eg det.

Han seier det kan vere mogleg å endre noko, og at kontrakten først skal signerast neste veke.

– Rutetidene kan nok justerast noko på ettermiddagen, men kor mykje kan eg ikkje svare på, på strak arm.

Leiaren i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Hans-Olav Myklebust (Frp) har tidlegare sagt at utgangspunktet var å legge ned båtruta heilt, men at dei no har klart å berge nokre av avgangane.

Her kan

📌 Kaynak

Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
📱
News AI World — Mobil uygulama
Bu haberleri 45 dilde, anlık çeviriyle cebinde. Erken erişim için Gmail adresini bırak.
← Tüm haberlere dön