Meiner Marita Løfshus Haugen blei drepen med machete

📌 Diğer 📰 Norway 🕐 2 saat önce
Meiner Marita Løfshus Haugen blei drepen med machete

Drapet på Marita Løfshus Haugen er ferdig etterforska.

Drapet som skjedde på Løkken Verk i desember er ferdig etterforska.

FERDIG ETTERFORSKA: Politiet er ferdig med å etterforske drapet på Haugen som skjedde laurdag 13. desember med full styrke.

Laurdag 13. desember blei Marita Løfshus Haugen (35) funnen drepen utandørs på Løkken Verk i Orkland kommune i Trøndelag.

Like etter ho blei funnen, arresterte politiet Jørn Andersen og siktet han for drapet.

No er saka etterforska og politiet foreslår at Andersen skal bli tiltalt for drap.

Sjølv om saka er ferdig etterforska har Andersen ikkje forklart seg for politiet. Han ønsker heller ikkje å kommentere saka til NRK.

– Ingen kommentar, seier Andersen sin forsvarar, Fredrik Brodwall.

Krimteknikarar på åstaden etter Løfshus Hagen blei funnen drepen.

Politiet meiner Haugen blei drepen med fleire stikk frå ein machete.

– Macheten blei funnen dagen deretter, i terrenget på Bjørnli.

Politiet har undersøkt drapsvåpenet og meiner macheten tilhøyrer Andersen.

Politiet har sendt saka til statsadvokaten for påtaleavgjersle.

– Mitt forslag til statsadvokaten er at han blir tiltalen for drap og eg foreslår også at ein må vurdere om det er rett med forvaring, seier Tokle.

Politiadvokat Aleksander Tokle seier saka er ferdig etterforska.

Statsadvokat Per Morten Schjetne, seier at han har registrert at dei har fått inn saka.

Men han kan ikkje seie noko om når ein eventuell tiltale vil vere klar.

– Det kan eg ikkje seie noko om. Saka skal uansett først til riksadvokaten, det er det som er saksgangen no.

Andersen sit varetektsfengsla til 29. juni og politiadvokaten vil be om at han blir halden i varetekt fram til saka skal gå for retten, truleg i slutten av august.

Les også Tok farvel med Marita (35): – Hjertet vårt er knust

Politiet seier det verkar som avdøde var forsøkt dekka til av snø.

– Det var kasta snø over deler av kroppen. Nokon har kasta snø over kroppen då ho blei liggande der og vi meiner det er sikta, seier politiadvokaten før han held fram:

Tokle seier at Haugen var påført både stump vald og skarp vald.

Bistandsadvokaten til dei etterlatne etter Haugen, Laila Afelad, har førebels ikkje svart på NRK sine førespurnader.

6. november 1999 blei 16 år gamle Linn Charlott Nesblom, drepen av Jørn Andersen.

Andersen som då var 28 år, blei i 2000 dømd til 15 år i fengsel for overlagt drap.

Pressen skal være varsomme med å identifisere personer som omtales i forbindelse med straffbare forhold. Etter pressens etiske regelverk, Vær varsom-plakaten, gjelder dette spesielt i omtale av saker der etterforskningen er på et tidlig stadium. Det kan likevel være

📌 Kaynak

Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
📱
News AI World — Mobil uygulama
Bu haberleri 45 dilde, anlık çeviriyle cebinde. Erken erişim için Gmail adresini bırak.
← Tüm haberlere dön