Slår alarm om Førdefjorden: – Staten har plikt til å stanse drifta no
Regjeringa vil gå tilbake til teiknebrettet for å redde gruveprosjektet i Førdefjorden, men ekspertane nektar dei ein ny «Fosen-pause».
Regjeringa vil gå tilbake til teiknebrettet for å redde gruveprosjektet i Førdefjorden, men ekspertane nektar dei ein ny «Fosen-pause».
SJØDEPONI: Fleire av landets fremste ekspertar på forvaltningsrett slår fast at staten har ei akutt plikt til å stanse gruveaktiviteten ved Førdefjorden umiddelbart.
– Høgsterett har slått fast at staten sitt vedtak om sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig, men gruveselskapet held fram med drifta. – Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier det ikkje automatisk betyr at prosjektet må stanse. – Fleire juridiske ekspertar meiner vidare utslepp er ulovleg, og at staten har plikt til å påleggje stans straks. – Andre åtvarar om at dersom staten ikkje rettar seg lojalt etter dommen, kan det svekkje tilliten til rettsstaten.
Dagen etter at Høgsterett slo fast at staten sitt ja til sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig, er det business as usual hos gruveselskapet i Vevring.
Frå Engebøfjellet utvinnast rutil og granat, medan restavfallet endar opp på botnen av Førdefjorden via eit langt rør.
Les også Historisk dom i Høgsterett: Staten tapte i Førdefjord-saka
Sjølv om Høgsterett har erklært at vedtaket om sjødeponi er ugyldig, er det ingen teikn til at gruvearbeidarane tek ein pust i bakken.
– Det er rett at desse tillatingane er kjende ugyldige, men det er ingen automatikk i at prosjektet difor skal stanse, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen til NRK.
Inntil vidare kan derfor gruveselskapet fortsetje som før, med regjeringa si velsigning.
Det får fleire ekspertar på forvaltningsrett til å sjå raudt.
– No skal vi i første omgang gå grundig gjennom den dommen som Høgsterett nettopp har avsagt. Vi vil naturlegvis respektere dommen og følgje han opp, men nøyaktig korleis vi skal gjere det, må vi kome tilbake til. Slik også Regjeringsadvokaten har vore tydeleg på, er det ikkje gitt at stans blir utfallet av dommen.
– Eg opplever at vi har ei god tilnærming til korleis vi følgjer opp dommar, og av omsyn til legitimiteten og føreseielegheita for næringslivet er det viktig at vi gjer dette på ein ordentleg måte. Då må vi først forstå konsekvensane fullt ut. Det er rett at desse tillatingane er kjende ugyldige, men det er ingen automatikk i at prosjektet difor skal stanse. Dommen kom i går, så vi har ikkje hatt særleg lang tid til å lese han enno, men vi vil kome tilbake med den vidare oppfølginga.
I det opphavlege utsleppsløyvet som Klima- og miljødepartementet gav i 2015, fekk gruveselskapet lov til å deponere inntil 170 millionar tonn gruveavfall på botnen av Førdefjorden.
Ekspertane er krystall
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →