Ordførar: – Folkehelseinstituttet skapar frykt og uro
FHI åtvara mot at folk kunne få nerveskadar av å drikka vatnet frå Kyrkjebø vassverk, men går no tilbake på mykje. Ordføraren i Høyanger er sterkt kritisk til handteringa.
FHI åtvara mot at folk kunne få nerveskadar av å drikka vatnet frå Kyrkjebø vassverk, men går no tilbake på mykje. Ordføraren i Høyanger er sterkt kritisk til handteringa.
VIL HA SVAR: Mange hadde møtt opp på møtet på Kyrkjebø skule.
Hundrevis av frustrerte innbyggjarar på Kyrkjebø var i går kveld samla på skulen i bygda for å få siste nytt om vass-skandalen.
Den siste veka er det innført drikkeforbod, og det har kome fram at det har vore for høge nivå av aluminium i vatnet i minst 15 år.
Folkehelseinstituttet var tidleg ute og forklarte at slike nivå av aluminium kan føra til varige skader på nervesystemet.
Tilbakemeldingane frå FHI førte til at kommuneoverlegen tilrådde helsekontrollar av barn mellom 0 og 3 år som har budd på Kyrkjebø sidan 2021.
Les også Slår alarm om aluminium i drikkevatn: – Kan gi seinskadar
På folkemøtet kom det fram at måleverdiane faktisk er innafor tryggingsmarginen som er sett.
– FHI har etter mi meining vore med på å vigla opp stemninga. Dei har skapt frykt, sinne, uro og frustrasjon hjå innbyggjarane, og har sett kommunen i eit svært dårleg lys.
KRITISK TIL FHI: Ordførar Petter Sortland er ikkje nøgd med handteringa.
Ei anna presisering som Folkehelseinstituttet no har kome med er at det ikkje er naudsynt å testa barn for skader. Sortland forklarer:
– Me har fått beskjed frå FHI om at det bur for få folk på Kyrkjebø til at slike testar vil kunne seia noko sikkert om aluminium har ført til skade.
Sortland håpar informasjonen som kom fram i går vil vera med på å trygga folk.
Ein av dei som fekk beskjed om at det ikkje blir testing likevel er Kjersti Haugen.
– Kva skjer no med borna? Kva slags symptom skal ein i tilfelle sjå etter?, spurde ho.
Også Ann-Kristin Nygaard reagerte sterkt på at eksponeringa ikkje blir dokumentert i journalane til barna for framtida.
– Det er lite hensiktsmessig med regelmessig oppfølging av barn. Det er umogleg å seie presist kva symptom vi skal sjå etter.
Tidlegare har småbarnsmor Linn Elisabeth Dregelid stått fram med si uro for barna. Ho og ektemann Jan Erik Dregelid er ikkje nøgde med avgjerda.
FRAMLEIS UROA: Linn Elisabeth og Jan Erik Dregelid får ikkje undersøkt barna, slik dei trudde.
– Eg er skuffa. Uvissa om helsa er her framleis, seier Jan Erik Dregelid, og Linn Elisabeth følgjer opp:
– Det minste dei kan gjera er å undersøka. Eg meiner det er rett å sjekka om det er påført skader.
På lengre sikt er målet å fikse vasskjelda eller finne ein ny.
Fram til det skjer, må folk på Kyrkjebø halde fram med å hente drikkevatnet sitt i kanner frå krisetankane som er sette ut.
L
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →