Skademarerittet fortset – EM kan ryke for Ingebrigtsen

📌 Diğer 📰 Norway 🕐 2 saat önce
Skademarerittet fortset – EM kan ryke for Ingebrigtsen

Jakob Ingebrigtsen har ikkje sprunge ein einaste konkurranse denne sesongen. Manageren til 25-åringen innrømmer at også EM i august kan ryke.

Jakob Ingebrigtsen har ikkje sprunge ein einaste konkurranse denne sesongen. Manageren til 25-åringen innrømmer at også EM i august kan ryke.

IKKJE AVGJORT: Jakob Ingebrigtsen har endå ikkje sprunge konkurranse denne sesongen. No er det usikkert om han stiller i EM i august.

Det svarer Ingebrigtsen-brørne sin rådgivar, Espen Skoland, på spørsmål frå NRK om Jakob Ingebrigtsen kjem til å stille til start under EM i Birmingham.

– Ei avgjerd vil eventuelt bli tatt tett opp mot meisterskapen, fortset han.

– Jakob ønsker ikkje å sette noko forventning som ikkje kan følgast.

Og forventningane til Ingebrigtsen var høge for fleire før VM i Tokyo i 2025. Det var lenge usikkert om han i det heile skulle delta også der, da han ikkje hadde sprunge eit einaste løp den sesongen på grunn av ein vond akilles.

Det resulterte i at han rauk ut i forsøket på 1500-meteren og kom på ein 10. plass på 5000-meteren.

– Dei fleste har sagt at det ikkje er lurt, men eg er ikkje ein person som trekker meg. Eg er her for å konkurrere. Eg er her for meg sjølv og for ingen andre, sa Ingebrigtsen den gongen.

I 2024 blei Ingebrigtsen historisk da han tok sitt sjette EM-gull. Ingen mannleg friidrettsutøvar har tidlegare klart det. I år er det altså usikkert om han skal delta i meisterskapen i august.

VISTE MUSKLAR: Jakob Ingebrigtsen blei historisk i EM i Roma, da han tok sitt sjette EM-gull. Her frå sigeren på 1500-meteren.

Den vonde akillesen blei i starten av 2026 operert. Sidan den gongen har det gått i opptrening, og akkurat no er Ingebrigtsen på treningsleir i høgda i St. Moritz.

Agenten til 25-åringen, svenske Daniel Wessfeldt snakka sjølv med Ingebrigtsen for to veker sidan.

– Det er berre han sjølv som kan bestemme når han kjenner seg klar, og da får vi sjå når det blir, seier Wessfeldt til NRK.

AGENT: Jakob Ingebrigtsen saman med agent Daniel Wessfeldt inne på Letzigrund stadion i Zürich i 2021.

– Kan det vere at han ikkje kjem til å springe noko som helst denne sesongen?

– Det håpar eg ikkje. Eg håpar han kjem til å gjere nokre bra greier i år, men kjenner eg Jakob rett, så vil han vere heilt førebudd – ikkje berre stille opp, fortset han.

– Kanskje. Eller kanskje blir det litt etter det. Som sagt, det er berre han sjølv som kan seie frå når han er klar.

– Det er usikkert med alle ting, men går alt som det skal, så kan det bli EM. Eller så blir det litt seinare når dei andre store stemna kjem i august og september, fortel manageren.

NRK sin friidrettsekspert Vebjørn Rodal seier Ingebrigtsen har eit skyhøgt potensial når han berre får gjort jobben på trening, og

📌 Kaynak

Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
📱
News AI World — Mobil uygulama
Bu haberleri 45 dilde, anlık çeviriyle cebinde. Erken erişim için Gmail adresini bırak.
← Tüm haberlere dön