Kommunen anar ikkje når vatnet blir trygt
Høyanger kommune kan ikkje seie når drikkevatnet blir friskmeldt. I mellomtida hentar dei inn ekstern hjelp og opprettar fleire drikkestasjonar.
Høyanger kommune kan ikkje seie når drikkevatnet blir friskmeldt. I mellomtida hentar dei inn ekstern hjelp og opprettar fleire drikkestasjonar.
VASS-SKANDALEN I UTKANTEN: Det er her på Kyrkjebø i Høyanger at innbyggjarane i 15 år har drukke vatn med ulovlege aluminiumsverdiar. No krev bygdefolket svar frå kommunen.
– Høyanger kommune kan førebels ikkje seie når drikkevatnet på Kyrkjebø blir friskmeldt. – Kommunen hentar inn ekstern bistand og jobbar med tiltak for å justere drifta av vassverket. – Det blir oppretta fleire drikkestasjonar der innbyggjarane kan hente trygt vatn. – Helsesjefen åtvarar mot å drikke vatnet eller bruke det til matlaging, men seier målingane ikkje gir grunn til stor bekymring. – Kommunen vil ikkje kalle inn dei yngste barna til generelle helseundersøkingar, fordi dei meiner det ikkje finst eit klart fagleg føremål. – Ordføraren har kritisert FHI for kommunikasjonen i saka, medan FHI seier dei vil evaluere korleis dei har formidla risikoen.
Etter det oppheita folkemøtet på Kyrkjebø skule sit innbyggjarane framleis att med store spørsmål om framtida til drikkevatnet sitt.
– Kommunen kan ikkje på noverande tidspunkt seie noko om når drikkevatnet på Kyrkjebø vert friskmeldt, men følgjer situasjonen tett, seier kommunalsjef for samfunn, Jan Kaare Hellevang til NRK.
Slik ser det ut på Kyrkjebø, der tilliten til det offentlege drikkevatnet kollapsa etter det oppheita folkemøtet denne veka.
Hellevang opplyser at kommunen får ekstern bistand i arbeidet med å sikre reint og trygt drikkevatn, og at det blir jobba med konkrete tiltak for å justere drifta av det omstridde vassverket.
I mellomtida opprettar kommunen fleire drikkestasjonar der innbyggjarane kan hente vatn.
Kommunalsjef for helse, Bente Nesse, kjem med ei tydeleg formaning om at vatnet ikkje skal drikkast eller nyttast til matlaging. Ho understrekar samstundes at målingane ikkje gir grunn til panikk:
– Vatnet er framleis innanfor sikkerheitsmarginen, men det er viktig å få ned nivået, seier ho.
Nesse står fast på avgjerda om å ikkje kalle inn dei yngste barna til generelle helseundersøkingar, og meiner det ikkje ligg føre noko «klart fagleg føremål» for dette.
– Slike undersøkingar kan skape falsk tryggleik hjå foreldre, ved at dei gir inntrykk av at ein veit kva teikn eller tilstand ein skal leite etter, medan det i realiteten ikkje finst fagleg grunnlag for dette, seier Nesse.
Kommunalsjef for helse i Høyanger, Bente Nesse, meiner det ikkje er grunn til stor bekymring for innbyggjarane på Kyrkjebø.
Den fastlåste situasjonen i Høyanger har den siste veka fått fl
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →