Planane om landets største oppdrettsanlegg blir redusert etter omfattande protestar
Både Riksantikvaren og Havforskingsinstituttet har vore sterkt kritiske til planane om eitt av verdas største oppdrettsanlegg. No endrar selskapet planane.
Både Riksantikvaren og Havforskingsinstituttet har vore sterkt kritiske til planane om eitt av verdas største oppdrettsanlegg. No gir selskapet etter.
Det er her i den nedlagde gruva på Indre Sunnmøre Hofseth vil etablere eit stort opprettsanlegg.
Sjømatselskapet Hofseth har bestemt seg for å redusere dei omstridde planane for etablering av landets største landbaserte oppdrettsanlegg like ved verdsarvområdet på Sunnmøre.
Selskapet reduserer no det årlege produksjonsvolumet frå 100.000 tonn til rundt 30.000, stadfestar dagleg leiar Roger Hofseth i Hofseth International overfor NRK.
– Vi vil redusere for å tilpasse oss eit volum i håp om at styresmaktene kan godkjenne dette raskt, seier Hofseth.
Talet på arbeidsplassar i Fjord kommune er samtidig redusert frå 200-300 til rundt 120.
Dette blir framleis eitt av dei største oppdrettsanlegga i landet dersom det blir godkjent.
Det opphavelege prosjektet har møtt fleire kritiske røyster.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Riksantikvaren og Havforskningsinstituttet har meint at både fjorden og verdsarven står i fare, når avfall frå store mengder laks skal bli sleppt ut på eit punkt i fjorden.
– Verdsarvstatusen heng særs høgt, og det er berre dei mest verdifulle stadene i verda som blir skrivne inn på lista, sa Hanna Geiran til NRK våren 2024.
Geiran kjenner ikkje dei nye detaljane i saka og ønskjer førebels ikkje å kommentere saka.
Også Klima- og miljødepartementet har rådd frå planane. Direktoratet for mineralforvaltning gjorde det same.
Nærings- og fiskeridepartementet har tilrådd godkjenning av planane, med vekt på auka verdiskaping og tilrettelegging for nye lønsame arbeidsplassar i distrikta, sjølv om prosjektet kan ha nokre negative miljøeffektar.
Det er på Indre Sunnmøre det store oppdrettsanlegget er planlagt.
Både Statsforvaltaren, Riksantikvaren og Direktoratet for mineralforvaltning har kome med motsegner mot prosjektet.
Det har i lang tid vore venta ei endeleg avgjerd frå Kommunal- og distriktsdepartementet.
Kommunestyret i Fjord blei orientert om endringane tysdag ettermiddag. Politikarane har i all hovudsak støtta planane, for å skape arbeidsplassar på bygda. Ordførar Terese Jemtegård Moen (Sp) seier det som no skjer ikkje er etter deira smak.
– Heile kommunestyret gir uttrykk for at vi hadde ønskt planane slik som dei låg føre i utgangspunktet, men eg vil tru at det å nedkalere vil gje dei betre sjansar, seier ho.
Ordførar Terese Jemtegård Moen (Sp) skulle gjerne sett at Hofseth heldt fast på dei opphavelege planane.
Også Hofseth seier han trur nedskaleringa gjer at dei vil få
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →