Canada debuterer i Eurovision Song Contest

💰 Ekonomi 📰 Norway 🕐 2 saat önce
Canada debuterer i Eurovision Song Contest

Canada tar steget ut på scena i den største musikkonkurransen i verda neste år. Dermed blir dei enda tettare knytt med sine europeiske røter.

Canada tar steget ut på scena i den største musikkonkurransen i verda neste år. Dermed blir dei enda tettare knytt med sine europeiske røter.

DEBUTANT: Det er første gong Canada deltek i den hovudsakeleg europeiske songkonkurransen.

Det betyr at det for første gong vil vera eit land frå andre sida av Atlanteren med i den lenge hovudsakeleg europeiske songkonkurransen.

Det skjer etter at den kanadiske kringkastaren CBC i juni blei teken opp som fullverdig medlem av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU).

– Me er kjempeglade for å kunna ønska CBC velkomne inn i ESC-familien – eit teikn på at sjølv om konkurransen blei fødd i Europa, held han fram med å ønska verda velkomen, seier ESC-direktør Martin Green i ei pressemelding.

Kate Miller-Heidke kom på ein luftig niandeplass for Australia i Tel Aviv i 2019.

Ikkje-europeiske land har lenge delteke i konkurransen, men med unntak av Australia som blei invitert med som ein «gimmick» i 2015, har alle landa som har delteke i konkurransen til no hatt nær geografisk tilknyting til Europa.

Mads Tørklep er delegasjonsleiar for Noreg i ESC og ønsker kanadiarane varmt velkomne opp på den europeiske musikkscena.

Mads Tørklep trur EBU er heilt avhengige av å få inn fleire land for å få arrangementet til å gå rundt økonomisk.

– Moglegheita til å representera Canada kan gjera at fleire internasjonalt kjende låtskrivarar og artistar får auga opp for konkurransen òg frå det amerikanske kontinentet. Det kan potensielt løfta nivået ytterlegare.

Kanadiske Céline Dion har vunne konkurransen tidlegare, men då som representant for Sveits.

Han trur arrangøren er heilt avhengig av fleire deltakarland for økonomisk å kunna forsvara to semifinalar og éin stor finale.

– Canada har ein nærare tilknyting til Europa enn mange andre land. Så reint geopolitisk er det jo spennande at dei no ønskjer å knyta tettare band til Europa i den urolege tida me er i.

– Men eg trur ikkje det er like aktuelt å ta med seg heilt tilfeldige land rundt omkring i verda inn i konkurransen.

Les også Israel får delta i Eurovision – flere land boikotter

Den kanadiske rakettforskaren Julien S. Bourrelle kom til Noreg i 2009 for å ta doktorgrad, men har òg mellom anna skrive bok med eit skråblikk på norsk kultur.

I boka til Julien får du eit utanfråperspektiv på korleis nordmenn er.

Han meiner det er fleire grunnar til at kanadiarane søker meir mot Europa.

– Mange vil nok seia at kanadiarane ønsker å skilja seg meir frå USA, og det kan godt stemma.

I tillegg peikar Bourrelle mellom anna på den fransktalande delen av landet, men òg korleis brit

#euro

📌 Kaynak

Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
📱
News AI World — Mobil uygulama
Bu haberleri 45 dilde, anlık çeviriyle cebinde. Erken erişim için Gmail adresini bırak.
← Tüm haberlere dön