Opprør blant fastlegar
Noreg ligg på verdstoppen i sjukefråvær. No bruker regjeringa høgare lønn som ei økonomisk gulrot for å få fastlegane til å snu trenden.
Noreg ligg på verdstoppen i sjukefråvær. No bruker regjeringa høgare lønn som ei økonomisk gulrot for å få fastlegane til å snu trenden.
Fastlege Knutsen etterlyser ein større debatt om korleis styresmaktene prøver å styre kvardagen for legane.
Frå 1. juli blir det innført nye sjukefråværstakstar som skal gjere det meir lønnsamt for fastlegane å gi graderte sjukemeldingar enn heiltidssjukemeldingar.
Den nye ordninga er forhandla fram av staten og legeforeininga, og har utløyst ein storm av protestar frå fastlegar. Fleire enn kvar femte fastlege i Noreg har no skrive under på eit opprop i protest.
Les også Karen må vente 20 veker på sjukepengar – meiner leiinga har avtale om forskot
Ein av dei som reagerer er fastlege Jon-Michael Knutsen. Han meiner dei nye takstane er statleg innblanding i det som bør vere opp til legen sjølv.
Fastlegen meiner pasientoppfølginga bør styrast heilt uavhengig av statlege takstendringar.
– Følger du nøyaktig same arbeid, vil ein lege bli påskjønna med 199 kroner dersom pasienten går ut døra med ei full sjukemelding, eller 419 kroner dersom pasienten går ut med ei gradert sjukemelding, forklarer Knutsen.
Han meiner ordninga set legane i eit dilemma: Enten må dei endre praksis i tråd med ønska til myndigheitene, eller så må dei akseptere ei mykje lågare lønn.
– For min eigen del har eg rekna på at tapet vil vere på cirka 160.000 kr i året fordi eg ikkje kjem til å dra sjuke menneske ut i jobb for pengar, seier han.
Les også Fastlege om sjukefråværet: – Vi sjukmelder pasientar som ikkje skulle vore sjukmeldt
Statssekretær Renate Tårnes (Ap) i Helse- og omsorgsdepartementet forsvarer omlegginga. Ho understrekar at regjeringa har som mål å redusere sjukefråværet og hjelpe fleire til å jobbe med den helsa dei har.
Statssekretær Renate Tårnes (Ap) understrekar at målet med dei nye satsane er å få ned sjukefråværet.
– Fastlegeordninga har alltid vore organisert og finansiert gjennom eit takstsystem, så dette prinsippet er ikkje nytt. Det vil framleis vere det medisinfaglege skjønnet til legane som avgjer ei sjukemelding, seier Tårnes.
Ho meiner den nye pakken påskjønnar legane for å faktisk sette av tid til dei grundige samtalane.
– Før var det betre betalt å skrive ut ei sjukemelding raskt. Mens no får fastlegen betre betalt for å sette av tid saman med pasienten og ta samtalen om kva som skal til for å stå i jobb, seier statssekretæren.
Les også Vil gi kvinner mensfri med lønn: – Kjenner meg som eit gigantisk blåmerke
Arnstein Mykletun, professor i helsetenesteforsking, forklarer at dagens finansieringsordning til
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →