VM-feberen herjar: Vil ha nasjonal fridag
Med støtte frå landslagskaptein Martin Ødegaard foreslår NRKs fotballekspert at heile Noreg får fri dagen etter åttedelsfinalen mot Brasil.
Med støtte frå landslagskaptein Martin Ødegaard foreslår NRKs fotballekspert at heile Noreg får fri dagen etter åttedelsfinalen mot Brasil.
FOLKEFEST: Tusenvis av ekstatiske fotballfans samla seg framfor Slottet etter Noregs siger mot Elfenbeinskysten.
– Det må bli fridag på måndag, seier Kristoffer Løkberg i podkasten Bakrommet.
– Dersom det er nokre sjefar som høyrer på nå, gi nå litt «slack», seier Andrine Hegerberg.
– Kva er vitsen med at folk drar på jobb? Det er nokre samfunnskritiske roller som burde få dobbel lønn fordi dei må jobbe den dagen. Dei som må sørge for at butikkdøra er open og at folk på sjukehusa får hjelp. Bortsett frå det så er det ingen grunn til at folk må gå på jobb på måndag, argumenterer Løkberg
Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Norge - Elfenbenskysten: JAAAA!».
NRKs fotballekspertar var høgt oppe etter at Noreg slo Elfenbeinskysten 2–1 i 16.-delsfinalen i fotball-VM tysdag kveld, og var ikkje aleine om det.
Eit fullsett Ullevaal stadion eksploderte da Erling Braut Haaland sette inn sigersmålet i Dallas.
Feststemte nordmenn fylte opp heile Karl Johans gate til ei feiring Haaland skulle ønske han var ein del av.
– Det blir jo litt sånn at du ville jo gjerne vore Noreg-fan for éin dag nå. Men eg unner dei det. Og det er tysdag òg, er det ikkje det? Så det seier jo alt, sa landslagssjef Ståle Solbakken til NRK etter sin største triumf som fotballtrenar.
Det er rimeleg å rekne med at mange rundt om i kongeriket onsdag møtte opp på jobb litt meir slitne enn vanleg, sjølv om kampstart 19.00 tysdag gjorde det fullt mogleg å avslutte feiringa i såkalla «rett tid».
Verre kan det bli søndag. Da møtest Noreg og Brasil kl. 22.00, noko som betyr at kampen i beste fall er ferdig rundt midnatt, så sant kampen er avgjort etter ordinær tid.
– Folk kan ikkje sitte der og tenke at «eg må legge meg snart». Tenk om det blir ekstraomgangar eller straffesparkkonkurranse. Da blir klokka godt over midnatt. Da skal du ikkje tenke på at du må på jobb på måndag, seier Kristoffer Løkberg.
Legg ein saman bilda frå feiringa etter at Noreg slo Brasil i 1998 og dei ein har sett under årets meisterskap, kan ein ikkje utelukke at festen etter ein eventuell ny sensasjon mot Brasil kan gå på måndagsproduktiviteten laus.
Derfor foreslår altså Løkberg å gi heile Noreg ein fridag dersom Noreg vinn.
VILLE TILSTANDAR: Det var også ekstase da Noreg slo Brasil i 1998.
– Det blir det vel same kva Løkberg seier, tenker eg, seier Ståle Solbakken når han høyrer forslaget.
– Det er ikkje eit dårleg forslag, det, seier landslagskaptein Martin
📌 Kaynak
Bu haber XML kaynağından derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →