Ingen veit kor mykje kraft som går til krypto
Regjeringa trur dei veit kor mykje kraft som går til kryptoutvinning. Det spørst.
Regjeringa ønsker eit mellombels forbod mot ny kryptoutvinning. I mellomtida er det ingen som veit nøyaktig kor mange som driv med kryptoutvinning, eller kor mykje straum dei bruker.
Regjeringa trur dei veit kor mykje kraft som går til kryptoutvinning. Det spørst.
Frå Styggevatnet i enden av Jostedalsbreen tar Jostedøla fart og dundrar nedover mot Sognefjorden.
Men idet elva når botnen av dalføret, og ho passerer Bluefjords datasenter i Gaupne, er det som om ho må kvile ut etter den lange ferda.
Til summinga frå kjølevifter blinkar det uavbrote i tusenvis av hyperaktive diodar, medan datamaskinene borar etter neste blokk med kryptomyntar.
Kryptoutvinninga har vore til forlegenheit for Luster kommune, som sponsar det utanlandskeigde datasenteret med rimeleg konsesjonskraft.
Lustringane trudde at krafta skulle gå til meir samfunnsnyttige formål, og har no fått signal om at eigarane tar sikte på å fase ut mining-verksemda i løpet av året.
Inntil vidare kan ikkje kommunen gjere stort anna enn å krysse fingrane og håpe at det engelskregistrerte eigarselskapet gjer alvor av det dei seier.
Bluefjords datasenter held til i Gaupne i Luster, der Jostedøla renn ut i Sognefjorden. Verksemda til datasenteret vart eit omdøme-problem for kommunen då det kom for ein dag at opp mot ein tredjedel av straumen gjekk til utvinning av kryptovaluta.
Regjeringa har i fleire år lova kamp mot kryptoutvinning på norsk jord, men så langt har innskjerpingane late vente på seg.
I mellomtida er det ingen som veit nøyaktig kor mange som driv med kryptoutvinning, og før jul åtvara NVE-sjef Kjetil Lund om ein eksplosiv auke i krypto-datasenter i dei delane av landet der straumprisane er lågast.
Til E24 sa han at det dreidde seg om eit «titals datasenter».
Til samanlikning: I det offisielle registeret er det ført opp ni kryptofabrikkar.
Ifølge regjeringa står desse for ein femtedel av datasenter-forbruket.
Anslaget baserer seg på kva datasenteroperatørane sjølv rapporterer at dei gjer.
Fleire spør seg om dette gir eit rett bilde på den faktiske kryptoaktiviteten i Noreg.
– Vi har ikkje oversikt over det faktiske forbruket, seier seksjonssjef i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, Sander Norrøne Ask.
Han forklarer at Nkom berre har opplysningar om straumavtalen til dei ulike datasentera, ikkje kva som faktisk renn ut av stikkontakten.
Regjeringa ønsker eit mellombels forbod mot ny kryptoutvinning. I mellomtida er det ingen som veit nøyaktig kor mange som driv med dette, eller kor mykje straum dei faktisk bruker.
For å danne oss eit inntrykk av det reelle forbruket kan vi s
📌 Kaynak
Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →