Krev 50.000 kroner for VM-bord: – Heilt galskap

📌 Diğer 📰 NRK (NO) 🕐 19 saat önce
Krev 50.000 kroner for VM-bord: – Heilt galskap

Etter 28 år i dvale blir det rigga til historisk fotballfest over heile landet. Men vil du ha kremplassane for å sjå Noreg spele VM, må du punge ut astronomiske summar.

Etter 28 år i dvale blir det rigga til historisk fotballfest over heile landet. Men vil du ha kremplassane for å sjå Noreg spele VM, må du punge ut astronomiske summar.

NOREGS DYRASTE? Lekter’n på Aker Brygge byr på VM-bord til ikkje mindre enn 50.000 kroner.

Skal du sikre deg og vennegjengen den beste utsikta til Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard i sommar, må du grave djupt i lommeboka.

Mange vil sjå det norske herrelandslaget i VM, og dei som vil ha best utsikt, inkludert mat og drikke, må bla opp.

Fotballfeberen herjar, og barar, utestader og eventarrangørar riggar til enorme storskjermar. Men ønsker du å sitte komfortabelt med eiga servering, kostar det dyrt.

NRK si kartlegging viser at prisane for dei mest eksklusive plassane strekk seg opp mot eit femsifra beløp.

Det dyraste bordet ligg på Lekter’n på Aker Brygge i Oslo. Der må du betale 50.000 kroner for ein eigen cabana med plass til 15 personar under Noreg sin kamp mot Senegal.

I pakken inngår forfriskingar og mat. Leiinga ved Lekter’n på Aker Brygge avviser at dei utnyttar fotballfeberen til å presse opp prisane. Dei understrekar at 50.000 kroner gir gjestene ein base for heile dagen.

Joppe Gjelseth ved Lekter`n på Aker Brygge forsvarer VM-prisane.

– Prisen reflekterer ikkje berre ein sitteplass til éin kamp, men ei heildagsoppleving med eigen base, service, mat, drikke og tilgang til ein unik VM-atmosfære, skriv Joppe Gjelseth, eigar av Lekter`n på Aker Brygge i ein e-post til NRK.

Pakken inkluderer ei definert mengde mat og drikke. Går gruppa tom utover kvelden, må dei betale ekstra i baren.

Dei opplyser at det historisk sett er bedrifter som kjøper slike VIP-løysingar, men at dei også merkar interesse frå private grupper.

Gjelsteth understrekar at berre nokre få plassar blir selde på førehand, og at dei har gratis inngang på alle kampane dei viser.

Fleire av arrangørane NRK har snakka med peikar på at det kostar enorme summar å i det heile få lov til å vise fotball-VM for eit stort publikum. Det bekreftar Gjelseth:

– Sjølv om vi hadde selt alle våre cabanaer kvar dag gjennom meisterskapen, ville ikkje det aleine vore nok til å dekke kostnadene våre for å vise VM. Det seier litt om kor store kostnadene er på TV-lisensar og leige av utstyr.

I Tønsberg blir det klart gjort til fotballfest i dei gamle verftshallane på Kaldnes. Der er det plass til nærare 3000 personar.

Det er ikkje mange dagane igjen til det brakar laust med VM-fest i Tønsberg.

– Da får du ein bra pakke med snacks, mineralvatn og litt alkoholhaldige varer til heile festen, seier arrangør Alexander Lorentze

📌 Kaynak

Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
← Tüm haberlere dön