Det livsviktige organ-samarbeidet: – Enorm verdi

💰 Ekonomi 📰 NRK (NO) 🕐 22 saat önce
Det livsviktige organ-samarbeidet: – Enorm verdi

Når ein pasient treng eit nytt organ, er det viktig å ha tilgang til friske organ. For å finne rett organ, er eit samarbeid mellom land i Nord-Europa heilt avgjerande.

Når ein pasient treng eit nytt organ, er det viktig å ha tilgang til friske organ. For å finne rett organ, er eit samarbeid mellom land i Nord-Europa heilt avgjerande.

ORGAN-SAMARBEID: Seks land i Nord-Europa samarbeider om organ til transplantasjonar. Samarbeidet reddar liv, ifølge informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon

I Noreg er det Rikshospitalet i Oslo som gjennomfører alle organtransplantasjonar.

Organa kan komme frå alle dei 29 donorsjukehusa i landet, i tillegg til utanlandske samarbeidsland gjennom ordninga Scandiatransplant.

– Dette samarbeidet har enorm verdi, og gjer at vi reddar fleire enn det vi elles ville gjort, seier informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon.

– I fjor fekk vi fire lunger frå Sverige. Det redda fire kritisk sjuke pasientar, legg han til.

Organ-samarbeidet har «kjempestor verdi», ifølge informasjonssjef Aleksander Sekowski i Stiftelsen Organdonasjon.

Det omfattande samarbeidet er mellom dei største sjukehusa i:

– Dersom sjukehusa i Noreg har nokon organ som ikkje passar nokon av dei som står på venteliste her i landet, kontaktar dei Scandiatransplant og tilbyr organa til nokon andre som kan få nytte av dei, seier Sekowski.

Samarbeidet blei stifta i 1969, og reddar om lag 2000 menneskeliv kvart år.

30 operasjonar i året: Slik fungerer ein lungetransplantasjon

Fredag blei det kjent at kronprinsesse Mette-Marit er sett på venteliste for å få nye lunger.

Ho har lungesjukdommen lungefibrose, som no har utvikla seg til å bli livstruande.

Kronprinsessa var først open om sjukdommen i 2018. Det siste året har helsetilstanden forverra seg, og sidan april har ho vist seg offentleg med oksygentilførsel.

Dagen før nyheita om at kronprinsessa er på venteliste, blei ho sett på veg inn til Rikshospitalet saman med kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra.

– Kronprinsessa har det siste halve året hatt ei betydeleg forverring av sin lungefibrose. Vi ser på bileta at det i løpet av det siste året har oppstått mykje meir arrvev.

Det sa overlege Are Holm ved lungeavdelinga på Rikshospitalet på ein pressekonferanse.

– Og på lungefunksjonsundersøkingar ser vi at ho har falle betrakteleg berre dei siste tre månadane. Dette er farleg, seier han.

– Eg har hatt helseutfordringar i nokre år no. Eg har vore gjennom ein lang prosess for å finne ut meir om kva det er. Det viser seg å vere meir kronisk enn vi hadde håpa på, sa ho til NRK.

Kronprinsessa har trappa ned på oppgåvene og byrja å leve eit rolegare liv. I 2019 er ho i Tyskland på litteraturtoget.

– Eg er mykje meir sliten

#euro

📌 Kaynak

Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
← Tüm haberlere dön