Artisten er lei av at følgarar og «likes» går framfor musikken
«Ikkje noko nytt, men eg er så over det». Nora Jabri opplever at det ikkje er kvaliteten på produktet ho lagar som avgjer suksess.
«Ikkje noko nytt, men eg er så over det». Nora Jabri opplever at det ikkje er kvaliteten på produktet ho lagar som avgjer suksess.
FRUSTRERT: Nora Foss Al-Jabri la ut ein post om at ho er lei avvisning i musikkbransjen som er basert på at ho ikkje har nok følgarar. Ho seier mange artistar opplever akkurat det same.
Artisten frå Gjøvik har drive med musikk sidan ho var 8–9 år gamal. Ho har delteke i Norske Talenter, Melodi Grand Prix og vann Stjernekamp på NRK i 2014.
30-åringen, som har det fulle namnet Nora Foss Al-Jabri, har eit album klart som skal ut i august. Det handlar om den irakiske faren si historie.
Ho og plateselskapet jobbar no med å spreie musikken og skape blest rundt lanseringa. Men ifølge Al-Jabri møter dei motstand fordi ho ikkje har mange nok følgarar i sosiale medium.
– Det kan vere alt frå podkastar til radiostasjonar til folk som jobbar med marknadsføring. Det er på ein måte heile tida rundt, då, seier 30-åringen.
Ho har litt over 9000 følgarar på Instagram og under 1000 på Facebooksida si.
Nora Jabri har vore med i Melodi Grand Prix i 2012 og i 2025. Bildet er frå i fjor då ho deltok med låta «Sulale».
Artisten seier dette er noko som har endra seg sidan ho starta som barn. No spør ho seg om ein må bli influensar ved sidan av artistkarrieren for å lukkast.
– Det er vanskeleg å skape blest rundt noko når ein ikkje har ein stor «following». Og då synest eg at ein set altfor mykje makt og energi inn i tal og at det skal definere suksess eller ikkje.
I frustrasjon la Al-Jabri ut ein video. Der skreiv ho at det blir latterleg når følgene og likarklikk er blitt viktigare enn musikken.
Etter denne videoen har 30-åringen fått mange meldingar frå kollegaer som opplever det same, fortel ho.
Ho seier det ikkje var eit konkret avslag som gjorde at ho ville legge ut dette, men ein generell frustrasjon ho har kjent på lenge.
Etterpå har ho fått mange meldingar frå artist-kollegaer som kjenner seg att, seier ho.
– Eg har visst at folk har opplevd dette, for eg har snakka med gode kollegaer i bransjen. Men eg visste ikkje at folk skulle vere så engasjert i akkurat den posten med tanke på at det eigentleg kom litt som ein impulsiv irritasjon frå mi side akkurat då.
Terje Pedersen frå Sony, plateselskapet til Nora Jabri, seier dei deler hennar frustrasjon hundre prosent og jobbar vidare. Han vil ikkje kommentere saka utover dette.
Programleiar og musikkekspert Christine Dancke seier ho ikkje har personleg erfaring med problemstillinga Al-Jabri har møtt på, men ser at det har vore ei endring i musikkbransjen når det gjeld bruk av sosi
📌 Kaynak
Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →