Meiner Suel Kassembo bør få status som ureturnerbar flyktning
Etter 20 år i landet har det på nytt blitt strid om kva land Suel Kassembo kjem frå. No kjem kravet om at han får status som ureturnerbar flyktning.
Etter 20 år i landet har det på nytt blitt strid om kva land Suel Kassembo kjem frå. No kjem kravet om at han får status som ureturnerbar flyktning.
Suel Kassembo har vore ulovleg i Noreg i 20 år. Framleis går føre seg kampen for at han skal få bli.
I årevis har Suel Kassembo krangla med politi og byråkratar om å få bli i Noreg. Han hevdar han er frå Burundi, men blir ikkje trudd.
Norsk organisasjon for asylsøkarar, Noas, meiner han no må få opphald i Noreg for alltid, etter nesten 20 års kamp.
– Det må gå ei grense over kor lenge ein skal vere i ein slik situasjon, seier talsperson Jon Ole Martinsen.
– Ein må sjå til det reint menneskerettslege her. Det er ingen annan stat som per dags dato anerkjenner han som borgar av deira land. Då må ein kunne seie at ein skal få eit løyve i Noreg for å få grunnleggande rettar, seier han.
Jon Ole Martinsen, som er talsperson i Norsk organisasjon for asylsøkarar.
Sist veke såg saka ut til å gå mot ein slutt, då politiet kom for å hente Suel Kassembo frå kyrkjeasyl og sende han til Burundi.
Tidlegare har burundiske styresmakter stadfesta at Kassembo er frå Burundi.
No blei det overraskande kjent at den burundiske ambassaden har snudd og nektar å ta mot Kassembo.
Noas meiner at Kassembo dermed ikkje er mogleg å returnere, og at han bør få bli i landet.
– For at ein skal få eit slikt løyve, så må det da slåast fast at det ikkje er mogleg å returnere, enten på eiga hand eller ved hjelp av politimyndigheitene i Noreg, seier Martinsen.
Utlendingsforskrifta opnar for at asylsøkarar som har vore lenge i landet kan få varig opphald.
På spørsmål om det er rett å gjere unntak frå reglane som norske politikarar har gitt til utlendingsstyresmaktene, svarar han at embetsverket praktiserer dette svært strengt.
Les også Menneskerettsdomstolen vil ikkje behandle saka til landets einaste i kyrkjeasyl
Han hevda at han kom frå landsbyen Buyenzi i Burundi og at foreldra og veslesystera blei drepne i heimlandet, medan han var på skulen.
Kassembo oppgav at han var 16 år gamal og ikkje hadde levande slektningar i heimlandet.
Han fekk avslag på asyl i 2007. Styresmaktene festar ikkje lit til historia hans, og meiner han er eldre enn han seier, og at han kjem frå nabolandet Tanzania.
Kassembo blei utvist i 2010, og han har fått avslag på arbeidsløyve. Fleire klagesaker har ikkje endra på dette.
Kassembo har opphalde seg ulovleg i landet sidan han fekk avslag, for det meste på Sunnmøre.
Han har lagt fram papir som han meiner dokumenterer både alderen og landet han kjem frå, men styresmaktene festar ikkje lit til at dette er
📌 Kaynak
Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →