Mann omkom i arbeidsulykke

📌 Diğer 📰 NRK (NO) 🕐 1 gün önce
Mann omkom i arbeidsulykke

Ein mann i 60-åra busett i Rauma er bekrefta omkomen etter ei arbeidsulykke på Åndalsnes, opplyser politiet.

Ein mann i 60-åra busett i Rauma er bekrefta omkomen etter ei arbeidsulykke på Åndalsnes, opplyser politiet.

Politiet held fram med undersøkingar på staden fredag ettermiddag.

Naudetatane rykte fredag morgon ut til ei bedrift på Åndalsnes etter melding om ei arbeidsulykke.

– Ulykka framstår som alvorleg, opplyste operasjonsleiar Jan Arild Austnes i politiet klokka 09.45.

Mannen som var meldt skada, vart etter kort tid bekrefta død.

– Mannen var alt død da ambulansepersonell kom til staden, fortel Austnes.

Naudetatane rykte ut til ei bedrift i Rauma etter ei arbeidsulykke.

Politiet har nå gjennomført innleiande undersøkingar, med avhøyr av vitne og undersøkingar på utstyret som var i bruk då ulykka skjedde.

– Vi har ei oppfatning om kva som har skjedd, og vil halde fram med krimtekniske undersøkingar på staden, seier Austnes.

Politiet meiner at ein mogleg hendingsgang er at avdøde skal ha fått eit transportband som blir brukt i samband med steinknusing over seg.

Eit kommunalt kriseteam er kopla på for å ivareta dei som er råka av ulykka.

– Vi hentar inn meir informasjon og vil vurdere å følge den opp med tilsyn, skriv seksjonsleiar Kjersti Marie Gjerd i Arbeidstilsynet til NRK.

📌 Kaynak

Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
← Tüm haberlere dön