Sjokkert over USA-livet: – Dei begynte å tute på oss

📌 Diğer 📰 NRK (NO) 🕐 1 gün önce
Sjokkert over USA-livet: – Dei begynte å tute på oss

Ei nyforlova Guro Reiten har tatt med seg familielivet til USA. Trass sportsleg suksess har landslagsspelaren fått fleire kulturelle bakoversveisar.

Ei nyforlova Guro Reiten har tatt med seg familielivet til USA. Trass sportsleg suksess har landslagsspelaren fått fleire kulturelle bakoversveisar.

DEN AMERIKANSKE DRAUMEN: Guro Reiten har saman med Felix (7 md.) og kjærasten Julie Nilssen flytta over Atlanteren.

– Det er ein annan kultur, mykje å sette seg inn i, reglar og ting og tang, fortel Reiten.

Etter ein tårevåt avskjed med den nesten sju år lange Chelsea-karrieren i mars, flytta Guro Reiten fotballkarrieren til utkanten av New York og Gotham FC.

Saman med sunndalingen følgde både sonen Felix og sambuar Julie Nilssen. Sist veke delte paret nyheita om at dei er forlova på Instagram.

VIKTIG KVALIFISERINGSKAMP: Guro Reiten og Noreg har denne veka lada opp til den viktige VM-kvalifiseringskampen mot Tyskland fredag kveld.

I november fekk ho og Nilssen sitt første barn, som no veks opp på den amerikanske austkysten.

– Alle elskar jo ein baby som smiler til deg. Alle har lyst til å stoppe og snakke med han same kvar vi går. Så det har vore veldig morosamt. Og så er det litt ekstra organisering med reise og slikt.

Men sjølv om familielivet smiler, har òg tilværet i statane ført med seg nye utfordringar.

I trafikken har Reiten vore vand til unorske reglar med venstrekøyring i England. Likevel har dei amerikanske trafikkreglane komme brått på.

Bak rattet har 31-åringen allereie fått tid til å hisse på seg bilistar.

– Du tenker at eit raudt lys er eit raudt lys, men i USA kan du køyre til høgre på raudt lys. Så når dei begynte å tute på oss bakfrå så skjønte vi ikkje kvifor. Men det er jo lov til å køyre på raudt lys enkelte plassar, fortel Reiten.

I tillegg har både vikepliktsregler og mange stoppskilt forvirra Gotham-spelaren.

At amerikanarane ventar på at dei skal bli tipsa på restaurant er også ein kulturforskjell ho har merka seg.

– Nei, det er berre sånne ting som ein ikkje er vande til, som ein lærer seg etter kvart.

I TRAFIKAL OFFSIDE: Reglane på vegane i USA skil seg frå både England og Noreg. Det har likevel ikkje skremt Guro Reiten frå å køyre bil.

Fredag kveld speler Noreg ein særs viktig kamp i kvalifiseringa til VM i Brasil neste år.

Landslaget reiser til Köln, og skal prøve å nedkjempe Tyskland. Ei bragd dei ikkje har klart sidan gruppespelet under EM i 2013. Då enda dei opp med å tape mot same nasjon i finalen.

For Guro Reiten har reisevegen til landslagssamlingane auka betrakteleg.

– Eg har reist frå andre sida av jorda. Det er litt lengre reiseveg enn vanleg. Men det har gått veldig fint. Eg har sove tolv timar i natt, fortel Reiten i forkant av Tyskland-kampen.

Ei di

📌 Kaynak

Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
← Tüm haberlere dön