Friske lunger har gitt May 20 nye år: – Mette-Marit er knalltøff
For 20 år sidan fekk May operert inn friske lunger. Ho veit godt kva som ventar kronprinsessa når det blir hennar tur.
For 20 år sidan fekk May operert inn friske lunger. Ho veit godt kva som ventar kronprinsessa når det blir hennar tur.
NYTT LIV: May Solfrid Lunde lever godt etter transplantasjonen.
– Eg var veldig frisk éin dag og neste dag klarte eg ikkje eingong å stå opp, så nokre trudde ikkje på at eg var sjuk.
Dette seier May Solfrid Lunde om korleis det var å ha lungefibrose, same sjukdom som kronprinsesse Mette-Marit.
På same tid gjekk ho gjennom ei skilsmisse og måtte kjempe for å ta vare på hus og heim.
– Eg blei dårlegare av den psykiske påkjenninga, og alt det kravde av meg.
Sjølv om situasjonen er annleis for kronprinsessa, kjenner May seg igjen i det å stå i sjukdom samstundes som ein skal ta vare på familien.
– Ho er knalltøff, eg skjønnar ikkje kva ho er laga av, seier May.
Kronprinsesse Mette-Marit har av og til oksygentilførsel på grunn av lungefibrosen.
Men etter fleire år, fekk ho plutseleg gladnyheita om at det var hennar tur til å få nye, friske lunger.
I dag blei det kjent at Kronprinsesse Mette-Marit står på liste for lungetransplantasjon.
Og May veit godt kva som ventar kronprinsessa når det blir hennar tur.
Kronprinsesse Mette-Marit har ein lungesjukdom som heiter lungefibrose.
Ho fekk sjukdommen hausten 2018. Det siste året har sjukdommen til kronprinsessa forverra seg, og ho har sidan april vist seg på offisielle oppdrag med oksygentilførsel.
Lungefibrose er ei fellesnemning for ei gruppe sjukdommar. Av dei som har sjukdommen får ein tredjedel til halvparten nye lunger.
Sjukdommen gjer lungene stive på grunn av at det blir danna arrvev i lungene. Det gjer at det blir vanskeleg å få nok oksygen. Det er ingen kur for sjukdommen, og det er vanleg at pasientar blir verre over tid.
For å få nye lunger må du vere sjuk nok til at du treng ein transplantasjon, men frisk nok til at du toler å gjennomføre operasjonen.
I Noreg er det litt over 30 personar som får nye lunger kvart år. Krava for å komme på venteliste er strenge.
15 til 20 prosent av dei som står på ventelista rekk ikkje å få nye lunger.
Dei som ventar på nye lunger er avhengig av å vere ein match med givar. Det fordi lungene må ha rett storleik for brystkassa, blodtype som passar saman og lungene må vere friske og utan skadar.
Nei, kronprinsesse Mette-Marit blir ikkje prioritert framfor andre.
Ho må vente på tur etter ein match på lik linje som alle dei andre som ventar på nye lunger.
Det er eit team av hjarte- og lungekirurgar, lungelegar og transplantasjonssjukepleiarar ved Rikshospitalet som bestemmer om ein person skal på ventelista.
Ventelista er ikkje nummere
📌 Kaynak
Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →