Retten tar ikkje stilling til Høiby-lauslating i helga

📌 Diğer 📰 NRK (NO) 🕐 1 gün önce
Retten tar ikkje stilling til Høiby-lauslating i helga

Fredag blei det kjent at kronprinsesse Mette-Marit er på venteliste for nye lunger. Politiet har avslått forsvararane sitt krav om lauslating av Høiby. No er det opp til Oslo tingrett.

Fredag blei det kjent at kronprinsesse Mette-Marit er på venteliste for nye lunger. Politiet har avslått forsvararane sitt krav om lauslating av Høiby. No er det opp til Oslo tingrett.

ALVORLEG SJUKDOM: Marius Borg Høiby er son av kronprinsesse Mette-Marit. Ho har ein alvorleg lungesjukdom, og er no på venteliste for lungetransplantasjon.

Marius Borg Høiby (29) blir ikkje lauslaten frå varetekt for å kunne vere saman med mora si, kronprinsesse Mette-Marit.

Kronprinsessa har ein livstruande lungesjukdom, og er no set på venteliste for lungetransplantasjon.

– Vi trudde vi ville bli møtt med større forståing, seier forsvarar Petar Sekulic til NRK.

Kronprinsesse Mette-Marit har ein lungesjukdom som heiter lungefibrose.

Ho fekk sjukdommen hausten 2018. Det siste året har sjukdommen til kronprinsessa forverra seg, og ho har sidan april vist seg på offisielle oppdrag med oksygentilførsel.

Lungefibrose er ei fellesnemning for ei gruppe sjukdommar. Av dei som har sjukdommen får ein tredjedel til halvparten nye lunger.

Sjukdommen gjer lungene stive på grunn av at det blir danna arrvev i lungene. Det gjer at det blir vanskeleg å få nok oksygen. Det er ingen kur for sjukdommen, og det er vanleg at pasientar blir verre over tid.

For å få nye lunger må du vere sjuk nok til at du treng ein transplantasjon, men frisk nok til at du toler å gjennomføre operasjonen.

I Noreg er det litt over 30 personar som får nye lunger kvart år. Krava for å komme på venteliste er strenge.

15 til 20 prosent av dei som står på ventelista rekk ikkje å få nye lunger.

Dei som ventar på nye lunger er avhengig av å vere ein match med givar. Det fordi lungene må ha rett storleik for brystkassa, blodtype som passar saman og lungene må vere friske og utan skadar.

Nei, kronprinsesse Mette-Marit blir ikkje prioritert framfor andre.

Ho må vente på tur etter ein match på lik linje som alle dei andre som ventar på nye lunger.

Det er eit team av hjarte- og lungekirurgar, lungelegar og transplantasjons­sjukepleiarar ved Rikshospitalet som bestemmer om ein person skal på ventelista.

Ventelista er ikkje nummerert, ettersom givar og mottakar må vere ein match. Dersom fleire på lista er ein match til tilgjengelege lunger, vil den som er sjukast få lungene.

Politiet meiner det ikkje er noko uforholdsmessig inngrep å fortsette å halde han varetektsfengsla, slik situasjonen er no.

Dei har også avslått la Høiby få informasjon frå legane på Rikshospitalet saman med resten av familien sin.

– Dette er svært overraskande, både at dei ikkje tar oppmodinga til følge, men spesielt at dei ikkje framst

📌 Kaynak

Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
← Tüm haberlere dön