– 42 plussgrader, då dyppar eg tåa uti

📌 Diğer 📰 NRK (NO) 🕐 1 gün önce
– 42 plussgrader, då dyppar eg tåa uti

«Reiseradioen» er straks i gang med sin 63. sesong. Debutantane Adelina Ibishi og Javad El Bakali er klare for sin aller første sesong.

«Reiseradioen» er straks i gang med sin 63. sesong. Debutantane Adelina Ibishi og Javad El Bakali er klare for sin aller første sesong.

DEBUTANTAR: Det er første gong Adelina Ibishi og Javad El Bakali leiar «Reiseradioen».

Adelina Ibishi har lang erfaring med radio i NRK, men denne sommaren skal ho for første gong leia «Reiseradioen».

– Det kjennest jo ærverdig å skulla gå inn i noko som betyr så mykje for folk, og som eg ikkje har vakse opp med sjølv.

Reiseradioen har lange tradisjonar. Her frå opningssendinga i 1998 med statsminister Bondevik og bikinikledde kvinner på Aker Brygge.

– Eg trur Javad trur at eg har mykje meir peiling og kontroll enn han har, og det tek eg som eit kompliment.

For Javad blir dette ikkje berre første gong på «Reiseradioen». Det blir òg debuten hans som programleiar på radio.

– Eg trygla om å få med meg Adelina som medprogramleiar. Ho har skikkeleg peiling på alt som har med radio å gjera.

Det blir som vanleg spennande gjester, god stemning og ikkje minst badetemperaturar frå heile landet når «Reiseradioen» i år blir sendt for 63. gong.

Det nye programleiarparet er ikkje einige om kva temperatur vatnet må ha for at dei skal hiva seg uti.

– Eg toler det meste, men det kjem ofte eit litt tanteaktig «Her var det kaldt!!» til forkynning for alle rundt.

På lista over årets programleiarar finn me òg mellom andre Olav Viksmo Slettan, Silje Nordnes, Mia Hundvin og Magnus Devold.

Første sending går av stabelen laurdag 20. juni med Marte Stokstad og Kåre Magnus Bergh i programleiarstolane.

Frå då av blir det sending kvar dag frå 9–11 med nye programleiarpar kvar veke.

Ballet blir avslutta med Ronny Brede Aase og Tuva Fellman 16. august.

Både Adelina og Javad blir å sjå i den neste sesongen av «Forræder» som kjem på TV 2 til hausten.

– Me har rett og slett blitt realityvennar. Så no skal me testa om me er vennar på ekte, smiler Adelina.

Javad og Adelina blei nyleg annonserte som deltakarar i den kommande sesongen av «Forræder» på TV 2.

Både Javad og Adelina er einige om at dei må prøva å legga frå seg stress, angst og uro når dei no skal leia sommarflaggskipet til NRK.

– Korleis blir det å gå frå realitybobla og inn i radiobobla?

– Det blir ei god boble, seier Javad før Adelina smetter inn:

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Reiseradioen».

📌 Kaynak

Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
← Tüm haberlere dön