Ny rapport om ubåtvraket: 15 meter sand kan temje miljøbomba
Ein ny risikoanalyse konkluderer med at krigsvraket utanfor Fedje ligg tryggast under ein gigantisk støytdempar av sand.
Ein ny risikoanalyse konkluderer med at krigsvraket utanfor Fedje ligg tryggast under ein gigantisk støytdempar av sand.
KVIL I FRED: Ein ny analyse slår fast at torpedoane i U-864 toler å bli dekka til. Løysinga for å sikre miljøbombe-vraket er denne: Ubåten må fyllast og gravleggjast i enorme mengder sand.
Kampen om kva som skal skje med vraket av den tyske ubåten U-864 utanfor Fedje i Vestland har fått ei ny vending.
Etter år med intens debatt om ubåten og dei 67 tonna med giftig kvikksølv må hevast eller tildekkast, har Kystverket nå teke imot ein risikoanalyse frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI).
Konklusjonen gir ny vind i segla til dei som ønskjer å la ubåten liggje i fred. Føresetnaden er at vraket «forseglast» og blir dekka med massar.
Rapporten legg til grunn at denne overdekkinga bør vere 15 meter tjukk.
FFI påpeikar at eit så massivt lokk vil «kvele» og dempe ein potensiell eksplosjon, slik at transporten av kvikksølv opp i havet i praksis blir lik null.
Dei to delane av det kvikksølvlasta ubåtvraket ligg på ustabil sandbotn, men vart stabiliserte i 2016 i påvente av ei endeleg avgjerd om kva løysing som skal veljast.
Tidlegare vurderingar har skapt frykt for at torpedoane om bord kan eksplodere dersom vraket blir dekka til med tunge steinmassar.
I rapporten slår dei fast at det er «liten moglegheit» for at torpedoane skal detonere viss dei blir liggjande i vraket, både på kort og lang sikt.
Dei gamle eksplosiva vil ikkje kunne sjølvdetonere utan ytre påverknad (som jordskjelv), og dei toler dei langsame belastningane og trykket frå ei tildekking godt. Les også Kystverket fryktar ny ubåtrunde: – I verste fall rykker vi tilbake til start
Rapporten tilrår derfor å pumpe fin sand inn i sjølve trykkskroget, i holromma og rundt dei utstikkande torpedorøyra.
Da vil sanden fungere som ein støytdempar som hindrar at vrakdelar rasar ukontrollert, eller at torpedoane kjem i klem.
Miljøbevegelsen sin skrekk har vore at ein eksplosjon på havbotnen vil fungere som ei sprengladning som skyt det giftige kvikksølvet opp i havet og spreier det langs vestlandskysten.
For å sjekke om dette kan skje, har FFI simulert eit «worst case»-scenario der fire torpedoar detonerer nøyaktig samtidig i framskipet etter at vraket er dekka over.
Berekningane viser at berre rundt 5 gram kvikksølv vil klare å følgje med eksplosjonsgassane oppover i vannsøylen.
Les også 20 år etter funnet av tysk nazi-ubåt: Vil henta opp mest mogleg kvikksølv
For Kystverket og direktør for miljøberedskap, Hans Petter Mortensholm, er rapporten eit kjærkomme og handfast verktøy
📌 Kaynak
Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.
Orijinal haberi oku →