Noreg skal øve på drikkepausar i USA: – Ei unik moglegheit

📌 Diğer 📰 NRK (NO) 🕐 1 gün önce
Noreg skal øve på drikkepausar i USA: – Ei unik moglegheit

Fifas VM-grep tvingar det norske landslaget til å førebu seg på noko heilt nytt.

Fifas VM-grep tvingar det norske landslaget til å førebu seg på noko heilt nytt.

I USA: Alexander Sørloth og dei norske spelarane skal utnytte drikkepausane i VM best mogleg.

– Det kan bli heilt avgjerande. Det kan faktisk vere forskjellen på suksess og fiasko i VM. Ei unik moglegheit til å ta grep og endre ein kamp før det er for seint.

Det seier NRK-ekspert Kristoffer Løkberg om Fifas nyvinning for VM 2026:

Ein tre minutt lang drikkepause midt i kvar einaste omgang i kvar einaste VM-kamp. Dette vil skje uavhengig av vêr, temperatur og fukt.

Landslagssjef Ståle Solbakken er overfor NRK klar på at dette også gir nokre moglegheiter. Difor har han bestemt seg for å ikkje overlate noko til tilfeldigheitene.

Før VM-opninga mot Irak 16. juni kjem det norske landslaget til å ha praktiske treningar i USA der ein, midt i økta, legg inn ein treminutt.

Då har alle i støtteapparatet fått delt ut si eiga rolle dei skal utføre til punkt og prikke.

– Kven gjer kva og med kva spelarar? Vi må unngå at det blir rotete og sørge for at eg har både plass og tid til å formidle det eg eventuelt må formidle, seier Solbakken til NRK.

Noreg-sjefen fortel at det handlar om detaljar som kva type drikke dei ulike skal ha, kva spelarar treng ekstra nedkjøling og korleis kvar enkelt spelar treng den nedkjølinga.

– Det er ein del slike detaljar vi kanskje ikkje har vore borti før, innser Solbakken.

Landslagsspelar David Møller Wolfe flirer litt av heile greia.

– Nei, det blir sikkert gøy, det! Å stå på trening og så plutseleg får vi ein tre minutt lang pause, seier han til NRK med eit glis.

– Men det er bra. Vi må ta med oss alle små marginar, legg han til.

Wolverhampton-proffen er spent på kva utslag dei nye drikkepausane vil ha for kampane.

– Det kan jo gjere ekstremt mykje. Det er ofte sånn at viss eit lag har initiativ i kampen før den vesle pausen, så kan det vere totalt forandra etter det, spekulerer han.

VARMT: Landslaget har hatt si første økt på amerikansk jord.

Fulham-spelar Sander Berge hadde si første økt i USA-varmen torsdag. Han trur dei nye pausane midt i kvar omgang kjem godt med.

– Eg trur eg tok åtte drikkepausar mot Newcastle i siste runde, då var det 35 grader, seier han til NRK.

I treningskampen mellom USA og Senegal nyleg, fekk vi eit eksempel på korleis treminutterne kan komme til å bli brukt.

Då stod USA-trenar Mauricio Pochettino saman med spelarane og gav konkrete taktiske instruksar ut frå analysebilde på sidelinja.

– Det er herleg å vite at, om vi heng i taua eller manglar momentum, er det lettare å vite at det er fem minutt til ein pau

📌 Kaynak

Bu özet NRK (NO) kaynağından otomatik derlenmiştir. Tamamı için orijinal habere gidin.

Orijinal haberi oku →
← Tüm haberlere dön